torsdag 8. oktober 2009

Ivar og Knud, kven skal ut?

Ivar Aasen og Knud Knudsen er bakmenn til dei to skriftspråka vi har i Noreg i dag. I løpet av 1800-talet var begge engasjerte og jobba hardt for eit nytt norsk skriftspråk. Dei mente at Noreg som ny nasjon behøvde eit nytt skriftspråk, for at folket trengde eit språk dei kunne identifisere seg med, og som heile landet kunne forstå. Dei var begge einige om akkurat dette, men korleis det skulle gjeras var eit stort skilje mellom dei.

Dei var ueinige om normgrunnlaget for det nye norske språket, Knudsen ville gå ut i frå det danske språket og heller fornorske det. Mens Ivar ville lage eit heilt nytt skriftspråk, basert på norske dialektar han hadde samla inn på si innsamlingsferd. Han meinte at fleire ville kjenne seg igjen i skriftspråket dersom det var basert på dialektar det norske folk kjende. Ivar meinte at folk flest ville lære lettare når dei forsto språket betre, og at det ville vere større sjanse for folk å få ei høgare utdanning, han kalde det derfor eit demokratisk skriftspråk. Knudsens argument for sitt skriftspråk var at det var enklare for folket å ikkje lære eit heilt nytt språk, men heller det danske dei frå overklassen var vande til, og fornorske det.

Folk er fortsett ueinige om kva slags skriftspråk som er det rette og beste, men i 1885 ble jamtstillingsvedtaket satt i verks, og begge målformene blei likestilt med kvarandre.

1 kommentar:

  1. Bra innhald, Inga - du er presis og konsis og får sagt det viktigaste på få ord. Nynorsken er også bra - få feil; godt jobba:)

    SvarSlett