Christian Krogh
Christian Krogh (1852-1925) var ein norsk malar, oppvekst i Kristiania. Far hans var jurist, og Christian starta å studere jus, sjølv om han eigentlig ville bli malar. Mens han studerte jus, tok han også kurs ved teikneskolen. Da far hans døde, valde han å konsentrere seg om kunst, og jusen kom i andre rekke. Hans offentlige debut kom i 1876 med bildet Et farvel (sjå nederste bilete over tekst).
Christian reiste mykje i den tida han levde; blant anna drog han til Skagen og Paris, kor han arbeida aktivt med maling. Under reisene lagde han fleire kjende maleria. Christian var opptatt av dei fattige, og dei som ikkje hadde det så bra i samfunnet, og hans kunst var svært inspirert av realismen, noe vi til dømes ser i ”kampen om tilvere(1889)”(sjå øverste bilete over tekst). Han meinte at kunsten skulle være ein måte å gripe folk på, og gjøre dei klar over dei eksisterande problema i samfunnet. Han var opptatt av å skildre miljø rundt seg, slik at maleria blei sanne og verkelegheitnære. Menneska ble ofte plassert helt fremst i bildet, slik at tilskodaren skulle få minst mulig avstand til dei.
onsdag 9. desember 2009
Christian Krogh
"Buddy"
Filmen ”Buddy” handlar i hovudsak om tre gutar som bor saman i eit kollektiv på Tøyen. Geir og Kristoffer er ”normale”, fryktlause og oppegåande gutar. Tredjemann, Stig Inge, slit med sosial angst og tør ikkje setje foten sin utanfor Tøyen-senteret.
Stig Inge er ein typisk outsider i samfunnet. Han verkar redd og usikker på det ukjende. Han ser på verden utanfor Tøyengrensa som farleg, og meiner at han har alt han treng innanfor senterets fire veggar. Han lev ikkje som andre, men verkar stort sett nøgd med korleis han har det. Likevel er det trist å sjå ein person som ikkje kan delta på sosiale arrangement fordi han frykter verda utanfor. Mens vi daglig beveg oss der vi følar for det, er han bunden i si eiga frykt for det som kjens framand. Kvar gong gutane skal ut, inklusive Stig Inge, ender det opp med at han kjem med unnskyldningar om at han har ”glømt” noko, og må dra heim igjen. På slutten av filmen trosser han likevel frykta si og blir med på t-banen. Det heile får ei dramatisk vending då han får eit samanbrot og må bli hjelpen heim igjen. Vi ser likevel framskritt då han dagen etter, vågar å ta skrittet utanfor den grensa han tidligare har haldt seg innanfor.
Stig Inge representerer nok ei stor del av befolkninga i dagens samfunn, dei som ikkje heilt veit kor dei passar inn, og som ikkje våger å ta skrittet for å sjå kva livet har å by på.